Digital agenda

Eit kompetanseprogram innan digitalisering

Programmet er i regi av Atheno og har som formål å spre kompetanse, sette digitalisering på agendaen og gi eit språk og ei forståing for kva digitalisering betyr.

Sydvest har laga grafisk profil, nettstad, grafisk utforming av kursmateriell og vore forelesar i programmet.

Nettstaden skal enkelt og lettfatteleg overtale potensielle deltakarar om gevinsten ein får frå deltaking i programmet. Den er retta mot strategiske leiarar som ynskjer å styrkje konkurransekrafta i si bedrift. Gjennom verkemiddel som deltakarvideoar og referansar får ein forklart essensen i programmet. Deltakarar får i tillegg tilgang til eige passordbeskytta område der ein finn eit utval av undervisningsmateriellet nytta under kursdagane.

Den grafiske utforminga av kursmateriellet består av begrepskort og ulike metodiske plansjar, alt pakka i ei mappe for bruk i etterkant av kurset.

Det heile er bunde saman av eit overordna grafisk uttrykk som gir Atheno eigarskap til dette programmet som dei har utvikla i samarbeid med Digital Norway, SINTEF, Bergen Teknologioverføring AS, Siva, Hordaland Fylkeskommune, Nord Universitet og Kværner.

popup image

popup image

popup image

popup image

Trykk på biletet over for å sjå den animerte logoen til aDigital