Effektiv læring

Digitalisert kompetanseheving i Steinsvik Academy

Steinsvik satsar på digital læring i eige akademi. Selskapet er ein verds­leiande teknologi­leverandør til den globale havbruks­næringa.

I samarbeid med Klok Produksjon AS, produserer me i Sydvest digitalt kursinnhald for Steinsvik.

Dette omfattar manusproduksjon, kursoppsett, innhaldsproduksjon og administrering av læringsportal. Manus vert utarbeida i samarbeid med fagekspertar hos Steinsvik med fokus på å få til digital læring som er enkel, engasjerande og forståelig.

Gjennom verkemiddel som video, animasjon og interaktivitet får dei tilsette eit høgt læringsutbytte. Eigen læringsportal gir nivåtilpassa læring og ledelsen har til ei kvar tid oversikt på kven som har fått opplæring og kva tilbakemelding dei har fått.

Om digital læring:

Me står i dag ovanfor kontinuerlige endringar i arbeidslivet. Det er krav til hurtige endringar og rask omstilling. Det vert stadig lansert nye system, nye rutinar og ny teknologi. Med satsing på digital læring er det enkelt å rimeleg å oppdatere kursinnhaldet og til ein kvar tid ha ein oppdatert læringsportal.

Kursa kan gjennomførast på alle flater
Kursa kan gjennomførast på alle flater

popup image

popup image

Kursa kan etter gjennomføring vera eit oppslagsverk for dei tilsette
Kursa kan etter gjennomføring vera eit oppslagsverk for dei tilsette