Ei friskare framtid

Kommunikasjonsstrategi, visuell identitet, marknadsarbeid og nettstad for Midtfjellet Vindkraft

Midtfjellet Vindkraft har 55 møller i drift på Midtfjellet i Fitjar. Vindmøllene produserer årleg rundt 425 GWh. Det gir nok energi til om lag 21 250 husstandar.

Då Midtfjellet Vindkraft gjekk over i driftsfase var tida moden for sjå på ein plan for kommunikasjonen for selskapet. Eit utfordrande og artig oppdrag med stor fokus på omdømebygging.

Midfjellet Vindkraft møtte ein del motstand i anleggsfase. Enkelte grupper fann det negativt at vindmøllene sette fotefar i terrenget, og det vart mykje diskusjon omkring støyproblematikk.

I ny kommunikasjonsplattform retta ein fokuset mot vindkraft som klimavennlig og fornybar energi og korleis vindparken har opna Midfjellet for nye brukergrupper. Her finst kilometer på kilometer av grusa turveg som er flittig brukt både sommar og vinter. Samarbeide med lokale turlag og idrettsgrupper om å gjera fjellet tilgjengeleg, ein årleg open dag, målretta sponsing og eit godt omvisningshefte var tiltak me anbefala for å styrkja omdøme.

I tillegg til rådgivning for ny kommunikasjonsplattform og val av marknadskanalar, utvikla me eit heilt nytt grafisk uttrykk med nye fargar, ny logo, nytt slagord, ny typografi, nye dekorelement, nye malar etc. Alt dette for å gi dei eit lett gjenkjennbart uttrykk og ein «raud tråd» i kommunikasjonen.

Me laga også ny nettside for selskapet og vart medarrangørar for Midtfjelletdagen, som kvart år dreg omlag 500 personar opp på fjellet.

Nettstaden til Midtfjellet vindpark, midtfjellet.no

popup image

popup image


popup image

popup image

popup image