Fengande festival

Opp til 20 band på to scenar over to dagar. 100 Dagar er festivalane sin festival!

100 Dagar er både eit bransjetreff og ein musikkfestival, der delegatar frå fleire festivalar på Vestlandet møtes for seminar på dagtid og konsertar på kveldstid.

Opp til 20 artistar og band får mogleiken til å vise seg fram med ein halvtime kvar på scenen, og eitt av dei vinn Vestlandssatsinga og får spele på mange festivalar på Vestlandet den komande sommaren!

Me i Sydvest står ansvarlege for alt av promoteringsmateriell nytta i festivalen. Her er det alt frå sjølve festivalplakaten, artistbilete til Facebook, reklamemateriell for påmelding, plakatar for speletider, backstagepass og så vidare.

I byrjinga av kampanjen ønskjer festivalen å få så mange påmeldte artistar og delegatar som mogleg, der 19 artistar endte opp med å opptre på sjølve festivalen. Etter påmeldinga var ferdig skulle kampanjen rette seg mot publikum for å få flest mogleg folk til å kome på festivalen, i tillegg promotere artistane som var valde ut for opptreden.

popup image

Festivalplakaten


popup image

popup image