Du veit du går på Fitjar når...

Søknadskampanje for Fitjar Vidaregåande Skule.

Med bodskapen “Du veit du går på Fitjar når kvardagane er gode!” lot me søkjarar og foreldre få ein smugkikk på skulekvardagen på Fitjar.

Her handler det om å bli sett, om tryggleik, kunnskap og eit godt skulemiljø. Me gir sjåaeren innblikk i typiske kvardagssituasjonar og følgjer eleven som et frukost i kantina, får eit hyggeleg smil frå kantinedama, slår av ein prat med rektor, får ein oppmuntrende kommentar på matteprøven og ein snap som inviterer på sjokolade frå skulekjøkkenet… Små kvardagsglimt frå det som betyr noko om ein skal trivast. Sjå filmen i portofolio. I tillegg laga me fleire videoar tilpassa kvar fag-linje.

Søknadskampanjen inkluderte også ein serie med selfie-motiv der me fanga eleven og deira syn på trivsel, samhold og kunnskap.
“Du veit du går på Fitjar når”
… fantasi og kreativitet er i fokus
… du har kontroll på blodtrykket
… du får prøve ut yrket i praktisk arbeid
… du blir utfordra
… du får dessert i timen
m.m

Det vart laga facebookannonser, roll-ups og messevegg til utdanningsmessa. Me lanserte også ein instagram-konkurranse internt på skulen der elevane vart utfordra  på å fotografera kvardagssituasjonar som passa kampanje-mottoet.

Kampanjen gav stort engasjement både internt og eksternt. Skulen fekk stor merksemd og elevar og lærarar vart inkluderte i heile prosessen. Resultatet vart auka søknadsmasse for enkelte linjer og ein nøgd skuleledelse, som i tillegg til eit godt kampanjeresultat, fekk auka kunnskap og fart på produksjonen av eige engasjerande innhald i Sosiale Media.

popup image

Roll-ups



popup image

popup image