Premium laks

80 år med laks av beste kvalitet

I ei årrekkje har me fått æra av å utforme årsmeldinga til Bremnes Fryseri. Selskapet har vore kunde hos oss i lang tid og eig blant anna selskapet Bremnes Seashore som sel SALMA laks.

Årsmeldinga vert laga i både digitalt og trykka format.

I digital versjon navigerer ein seg gjennom store og små hendingar for året som har gått, og eit eige område for rekneskap og notar gjer det enkelt for målgruppa og hente ut informasjon om selskapet. Bremnes Fryseri set forskning og utvikling høgt og har samstundes fordel av lang fartstid i bransjen. Dette er noko ein prøver å formidla i rapporten. I ein kombinasjon av film, tal-animering, videointervju og ein kalenderfunksjon gjev me målgruppa ei levande framstilling av selskapet. Årsmeldinga er sjølvsagt tilgjengelig på alle flater; både laptop, mobil og nettbrett.

Selskapet hadde 80 års jubileum i 2017, og me laga ei verdig framside med UV- lakk og preg. Under finn du bilete frå årsmeldingane i 2016 og 2017.

Digital årsmelding for 2017 kan du lesa her

I årsmeldinga fekk me lov til å leke oss litt med kreative grafar
Årsmeldinga finn ein òg i digital utgåve.

Eit lite utval frå tidlegare årsmeldingar

Seashore 2016 årsrapport
Årsrapport 2016

Seashore 2016 årsrapport
Årsrapport 2016