Responsive nyhende

Moderne nettaviser klare for alle flater.

Andelen som les nett­aviser på mobil er stadig aukande, og me har bidratt til å løfte fleire nett­aviser over til responsive og mobil­venlege løysingar.

Basert på same plattform, har me levert design til fire forskjellige nettaviser med forskjellige målgrupper. To av nettavisene, Stord24 og Fitjarposten, leverer me òg sjølve løysinga til.

Framtida.no rettar seg mot ungdom og andre som ynskjer eit nynorsk alternativ i myldra av nettaviser. Dei har som mål å styrka nynorsken og bidra til å auka og få fram engasjementet til unge.

Magasinett er ein del av Framtida.no med artiklar som går meir i dybden enn dei vanlege artiklane deira. Den er difor skilt ut med eit design som legg meir fokus på teksten og bileta, med mindre «distraksjon» frå andre ting på sida.

Framtidajunior.no rettar seg mot born ned i borneskulealder, og har eit mjukare og meir lekent design enn Framtida.no. Her kan avisa bli nytta i skulen, med eigne undervisningssider for lærarar til å nytte i undervisninga.

Stord24 er ein fri og uavhengig mediekanal som skriv om aktuelle saker frå byen Stord. Den vart lansert våren 2016, og har på kort tid etablert seg som ein solid medieaktør i lokalsamfunnet. Me i Sydvest har levert logo, design og løysing for avisa, samt bidreg med annonseutforming ved behov.

Fitjarposten vart overteke av Stord24 i 2017, og august 2018 var det endeleg klart for nye, moderne nettsider for avisa. Der den gamle løysinga ikkje var responsiv i det heile, er den nye nettavisa sjølvsagt responsiv til alle flater. Her har me, som for Stord24, levert design og løysing for avisa.

Framtida junior
Framtida junior

popup image

Fitjarposten er endeleg tilpassa mobile einingar
Fitjarposten er endeleg tilpassa mobile einingar