Sporbar laks

Gjennom bomlosalmon.com kan du sjølv sjå kor laksen kjem frå og kven som har passa på fisken.

BÖMLO SALMON er Bremnes Seashore sin premium laks. Den er sporbar heilt tilbake til frå den var rogn.

Gjennom applikasjonen «Trace your salmon» eller bomlosalmon.com kan du sjølv sjå kor laksen kjem frå og kven som har passa på fisken.

At det ligg meir bak det du ser på fatet når du et eit nydeleg måltid med laks, det visste me, men systematikken og kvaliteten som ligg bak for å produsere ein laks frå Bremnes Seashore er heilt unik. Sydvest har sett saman all informasjon som Bremnes Seashore har tilgjengeleg om fisken, slik at du kan få eit nærare innblikk i alt arbeidet som vert gjort for å laga verdas ferskaste laks.

Trace your salmon

Det fins ei mengde data om fisken, frå fødselsdato til slaktedato, og det er den grundige prosessen og kvalitetsarbeidet som vert gjort som vert dokumentert og vist fram.

Bak ligg ein stor database, og det du ser er ein applikasjon for iOS og Android, og ei nettside.

No kan du sjølv spore laks frå Bremnes Seashore og sjå dei flinke folka som arbeidar med den. Prøv gjerne eit tilfeldig søk om du ikkje har ein laks for handa.

Download_on_the_App_Store_Badge_NO_135x40
google-play-badge
popup image


Sjå kvar laksen kjem frå på bomlosalmon.com