Byrået kjøper Sydvest

Sydvest blir ein del av Byrået – det største fullservice reklamebyrået i regionen.

Byrået har kjøpt 100 % av aksjane i Sydvest og me blir no det største fullservice reklamebyrået i regionen.

Byrået Design & profilering AS kjøper opp reklamebyrået Sydvest

Oppkjøpet er eit ledd i ei større strategisk satsing hos Byrået som ynskjer å styrkje bedriftas kompetanse og fagområde, for å kunne tilby kunden hjelp med all kommunikasjon under same tak.

Framover kan me tilby alt innan industri- og byggteknisk skilting, foliering, sal av profilartiklar, messe- og konferanseløysingar m.m. Men, me skal også fortsette det gode arbeidet med leveransar som marknadskommunikasjon, design, nettstader, applikasjonar, videoproduksjon, foto og innhald i sosiale medium.

Med heile 21 personar på laget vil me få moglegheit til å styrke dette arbeidet ytterlegare.