Begeistring og resultat

Bla ned for å sjå kva me kan hjelpe deg med.

Slåtterøy fyr
Slåtterøy fyr
Slåtterøy fyr
Slåtterøy fyr
Landskapet og kulturen me kjem frå formar oss. Me kjem frå det opne landskapet i Sunnhordland, vane med skiftande vêr. Me ser på kundane våre med opne blikk, lyttar, og i tett samarbeid lagar me kommunikasjonsløysingar som skapar begeistring og resultat. Hos Sydvest får du friske tankar og ærlege, kompetente svar.

Strategisk kommunikasjon i ei digital tid

Saman med kunden kjem me fram til gode resultat som alle kan vera stolte over. Me lagar strategisk kommunikasjon innan:

  • Grafisk design og visuell identitet
  • Strategisk rådgjeving og merkevarebygging
  • Nettstader og applikasjonar
  • Film og foto
  • Digital læring
  • Animasjon
  • Sosiale medium
  • Arrangørarbeid


Nokre av kundane våre:

Me har gjort arbeid for både små og store kundar, regionalt og nasjonalt. Under ser du nokre av dei:

  • Amar Group
  • Bremnes Seashore
  • CISV Norge
  • Helle Elecon
  • Kværner
  • SKL
  • Steinsvik
  • Tronds Marine Service


Kva er det som driv oss?

I strategiarbeid vert det i dag mykje snakk om kva som er ein bedrift sin «purpose» – kvifor me er til. Eller «The big WHY». Kva er føremålet med å gjera den jobben me gjer?

For oss i Sydvest handlar det om å bidra til at kundane våre når måla sine. Gjennom vår ekspertise innan strategi, merkevarebygging, design og marknadskommunikasjon ynskjer me i tett samarbeid med våre kundar å bygga dei til sterke merkevarer.

For oss handlar det om å skapa begeistring og resultat for våre kundar.

Ta kontakt